Foretak med minst 30 % omsetningsfall kan få kompensasjon Om kompensasjonsordninga frå regjeringa Ordninga gjeld for alle skattepliktige registrerte føretak i Noreg, med summe unntak: Finansnæringa Produksjon, overføring og distribusjon av elektrisitet og vassforsyning Olje- og gassutvinning Føretak som er under eigne støtteordningar som private barnehagar og flyselskap Føretak utan tilsette ( unnateke enkeltmannsføretak der verksemda er innehavar si hovudinntektskjelde) Føretak utan aktivitet eller som er under konkurshandsaming. Føretaket må ha eit fall på omsetninga på minst 30 prosent samanlikna med same månad året før ( 20% i mars). Dersom føretaket ikkje hadde verksemd same månad året før, kan eit snitt av januar og februar i år nyttast. Det er ei minstegrense for utbetaling, slik at berekna støttebeløp under kr 5000,- ikkje vert utbetalt. Den øvre grensa for støtta per føretak er 30 millionar kroner pr månad og det vert sett ei høgare maksgrense for konsern, dersom ei slik grense kan godkjennast av ESA. Regjeringa kjem attende til dei endelege grensene i ei eiga forskrift. Faste kostnadar som ein reknar at ein ikkje kan unngå er, leige av lokale, lys og varme, vatn og avløp, forsikring, leige av utstyr og transportmiddel og netto rentekostnadar. Departementet gjev i forskrift opp kva som vil reknast som faste kostnadar ein ikkje kan unngå. Ordninga gjeld for mars, april og mai. Les meir her på regjeringen.no Publisert 03.04.2020 23.18 Sist endret 03.04.2020 23.20