Frukostmøte for næringslivet 27. april på Fjelleventyret
Vi har gleda av å invitere næringslivet til eit frukostmøte med fokus på klima, miljø og berekraft.
Skjåk kommune arbeider nå med ein klima- og miljøplan som skal leggje grunnlaget for korleis vi lokalt skal arbeide med temaet. I den samanheng ynskjer kommunen å invitere næringslivet i Skjåk til å kome med innspel om kva som er viktig for dykk.
Invitasjon ligg vedlagt her og nedanfor. Håpar på at mange har moglegheit til å kome.
Påmelding innan 25.4 til tea.karoline.mork@skjaak.kommune.no
Program
09:00 - 11:00 Klima, miljø og berekraft
- Velkomen v/Sølvi og Tea
- Hilde Kielland Mølmen frå Skåppå om berekraftig utvikling i Gudbrandsdalen
- Tatiana Breda frå Nasjonalparkriket om berekraftige reisemål kva betyr dette for oss?
- Innspeldiskusjonar
11:00-11:10 Beinstrekk og noko å bite i
11:10 - 12:00 NAV og HRP
- Informasjon kring flomsikringsarbeidet v/Arne Olav Kleiven HRP
- Superrask søknad v/Arne Christian Mæhlum - NAV
- Dialog kring oppfølging av sjukmeldte arbeidstakarar v/Bjarte Rossehaug NAV