
Sommarles er ein digital lesekampanje for barn. Målet er å lese så mykje som mogleg i løpet av kampanjeperioden 1. juni – 31. august og å samle XP (poeng). Du kan vinne digitale troféar og premiar som du hentar på biblioteket.
Kven kan delta på sommerles?
Sommarles er for alle barn i barneskulen som går i 1. - 7. klasse. I tillegg kan dei som skal starte på skulen til hausten og dei som er ferdige i 7. klasse delta.
Korleis blir eg med?
Du lagar en profil på sommerles.no, registrerer bøker, får lesetips, løyser oppgåver og følgjer med på kva vennene dine les. Spør på biblioteket om du lurar på noko.
Korleis får eg premiar?
For kvar bok du legg inn, får du XP (poeng) og går opp i level. Du kan lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriar, eller du kan bli lese for. All lesing tel. Når du registrerer bøker du har lese, får du digitale troféar til profilen din, og du kan hente premiar på biblioteket i løpet av sommaren.
Korleis les eg historia “Fanga i spelet” på sommerles.no?
På sommerles.no kan du lese ei superspennande forteljing, skrive av forfattar Mari Moen Holsve. Kvar veke hengjer vi opp nytt kodeord frå denne forteljinga på biblioteket som du kan registrere inne på profilen din.
Når kan eg hente premiar?
Du kan hente din fyrste premie på level 10, deretter kan du hente premie på level 20, 30, 40, 50, 60, 70, 80, 90….
Blir det avslutningsfest?
Ja, det blir det! I Skjåk vil vi invitere dei flinke ungane som har vore med til ein avslutningsfest med underhaldning, premieutdeling og kake :)
Fleire spørsmål og svar finn du på nettsidene til: Sommarles
Bli med da vel :)