Har du fagbrev og vil ta steget vidare til meisterbrev?

Har du fagbrev og vil ta steget vidare til meisterbrev? Da vil Skjåk kommune bidra med å dekkje studieavgifta for utdanninga

Har du fagbrev og vil ta steget vidare til meisterbrev?

Utlysing: Skjåk kommune søkjer personar med fagbrev eller svennebrev som vil bli mester før neste sommar.

I samarbeid med Mesterbrevnemnda og Folkeuniversitetet kan vi tilby mesterutdanning på berre 15 månader tilpassa estetiske fag, matfag, grafiske fag, møbel- og trefag, verkstadfag og bilfag. Mesterutdanning er ei leiarutdanning for deg med fagbrev eller svennebrev.

Skjåk kommune er opptatt av at deltakarane i Mesterbrevpiloten for Skjåk skal få ei solid vidareutdanning innafor fagfeltet som dei har fagbrev i, samt å utvide sosialt og fagleg nettverk.  Skjåk kommune er opptatt av å leggje til rette for satsing på kunnskap og kompetanse.  Det er en sterk oppfatning at det er lov å lykkast i Skjåk og prosjektet skal vere med på å forsterke at Skjåk er ei gründerbygd, der vi ønskjer fleire nyetableringar velkommen. 

Skjåk kommune ønskjer å vere innovative og er villige til å teste ut nye prosjekt og løysingar.  Vi satsar på kompetanse for å ta vare på god arbeidskraft. Prosjektet er ein test opp mot det å leggje til rette for å gje ungdommen moglegheit til å ta rett utdanning som kan føre til arbeid i Skjåk.  

Praktisk info:

  • Skjåk kommune dekkjer studieavgifta
  • Du dekkjer kostnad for reise og opphald på samlingar
  • Føresetnaden er at du fullfører utdanninga og at du brukar kunnskapen du får, i Skjåk i minimum to år etter at utdanninga er ferdig
  • Studiet er ein kombinasjon av nettstudiar, webinar, helgesamlinger og individuell oppfylging
  • Send en kort søknad til post@skjaak.kommune.no eller direkte til Næringssjef Sølvi Lemstad Hiller innan 1. mars 2023.   

Kontakt

Sølvi Lemstad Hiller
Næringssjef
Mobil 911 14 550