Haustakk 2024 avlyst - Skjåk kommune

Haustakk 2024 avlyst

Haustakk 2024 er avlyst

Haustakk 2024 avlyst

Hausttakk i Skjåk har dei siste åra vore arrangert i Skjåkhallen, da det som oftast er i kaldaste laget å drive ute på den tida. Arrangementet har vore fast laurdagen mellom veke 40 og 41, som er helga mellom haustferie på austlandet og vestlandet. I år er dette den 5.oktober. Hallen er under renovering og det viser seg at golvet ikkje blir ferdig til den 5.10.

Vi beklagar dette og vel å avlyse Hausttakk 2024.

Hausttakk i Skjåk er ein marknad med lokalprodusert mat, drikke og husflid. Det har og vore ulike tilleggsarrangement til denne helga. Marknaden har vore arrangert omtrent kvart år sidan i 2009 og er ein viktig møteplass der ein kan få kjøpt mykje godt frå Skjåk og frå bygdene ikring.

 Skjåk kommune