Influensa- og koronavaksinering 2023

Influensa- og koronavaksinering vil foregå i oktober på helsestasjonane i Lom og Skjåk.

INFLUENSA- OG KORONAVAKSINERING 2023                                  

 

Skjåk:

  • Tysdag 10.oktober kl. 08.30 - 15.30
  • Fredag 13.oktober kl.08.30 - 15.30  

LOM:

  • Måndag  9.oktober kl. 08.30 - 15.30                           
  • Torsdag 12.oktober kl. 08.30 -15.30

BETALING

  • Med kort, VIPPS eller kontant
  • Influensavaksine risikogrupper kr. 150,- Andre kr. 250,-    
  • Pneumokokk kr. 450,- ( Kan ikkje setjast saman med covidvaksine)
  • Koronavaksine er gratis!

LOM: Ring helsesjukepleiar Liv Marie Øyjordet på tlf. 97667747, viss du vil ha time til vaksinering utanom desse dagane.

SKJÅK: Ring helsesjukepleiar Aud Jotun på tlf. 90848548, viss du vil ha time til vaksinering utanom desse dagane. Eventuelt ring legekontoret på 61217100, eller Servicetorget på 61217000 og gje beskjed, så tek eg kontakt.

Desse personane er spesielt tilrådde å ta influensavaksine:

  • Alle som har fylt 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim (Dei som bur på Skjåkheimen, får vaksiner der )
  • Helsepersonell

Barn og vaksne med:

  •  diabetes mellitus, type 1 og 2
  •  kronisk luftvegssjukdom
  •  kronisk hjarte- og karsjukdom
  •  kronisk leversvikt
  •  kronisk nyresvikt
  •  kronisk nevrologisk sjukdom eller -skade
  •  nedsett immunforsvar
  •  svært alvorleg fedme (BMI over 40)
  • annan alvorleg eller kronisk sjukdom
  •  Gravide frå 12. uke i svangerskapet

Kontakt

Aud Jotun
Helsesjukepleiar
Mobil 908 48 548
Skjåk kommune servicetorg
Kundemottak
Telefon 61 21 70 00
Skjak, Norway