Invitasjon til Alzheimerdagen Innlandet - Skjåk kommune

Invitasjon til Alzheimerdagen Innlandet

Tysdag 9. september i festsalen på Reinsvoll SI. Påmeldingsfrist er 26. august.

Invitasjon til Alzheimerdagen Innlandet

Tema: Leve her og no
Gode samarbeid, relasjonar og omgjevnader –
korleis påverkar dette livskvaliteten?

Tysdag 9. september 2025
Stad: Festsalen på Reinsvoll SI

Alzheimerdagen – ei verdsomspennande markering av Alzheimers sjukdom

Alzheimerdagen blei etablert 21. september 1994 i Edinburgh av den internasjonale Alzheimerforeininga og Verdas helseorganisasjon (WHO). Bakgrunnen var at sjukdomen rammar menneske over heile verda, og berører mange. Ved å innføre ein slik markeringsdag blir alle utfordra til å lære meir om sjukdomen og symptoma. Med auka kunnskap får pårørande, helsepersonell, familie og vener betre støtte.

Stad: Reinsvoll SI, Presteseter 1, 2840 Reinsvoll
Har de ikkje høve til å møte fysisk, kan dagen følgjast digitalt.
Tid: 9. september kl. 10.00–15.30
Pris: Kr 450,- per person ved deltaking på Reinsvoll
Kr 350,- for studentar
Kr 1.500,- per gruppe ved digital deltaking
Målgruppe: Helsepersonell, pårørande, demensforeiningar, politikarar og andre interesserte

Det blir utstilling av sansestimulerande hjelpemiddel ved Amajo.

Program for dagen

Kl. 09.30 Innsjekk og nævamat
Kl. 10.00 Velkomen
Ingvild Alfstad, dagleg leiar
Nasjonalforeininga for folkehelsa, Innlandet

Kl. 10.10 Kvifor er natur og hage viktig for helsa, og korleis kan vi bruke naturen i demensomsorga?
Ingunn Sigstad Moen, sjukepleiar, Inn på tunet-tilbydar og faglærar

Kl. 11.00 Positive psykososiale verknader av naturmiljø hos personar med demens og andre nevrologiske funksjonsnedsettingar
Einar Strumse, førsteamanuensis, Universitetet i Innlandet

Kl. 11.30 Beinstrekk, kaffi og mingling
Kl. 11.45 Auka livskvalitet for personar med demens
Samarbeid mellom demensforeininga og kommunen om sansehage, drivhus og meir
Vågå demensforeining ved Kai Valbjør og tilsette frå Vågå kommune

Kl. 12.30 Lunsj
Kl. 13.30 Utdeling av demensprisen
Kl. 13.45 Korleis kan omgjevnadene støtte livet til personar med demens? Eit nevropsykologisk perspektiv
Kjell Tore Hovig, førsteamanuensis, Universitetet i Innlandet

Kl. 14.15 Beinstrekk, kaffi og mingling
Kl. 14.30 Leve livet her og no
Ein samtale mellom Gjertrud Rian, som har demensdiagnose, og Silje Gillund, demenskoordinator i Stange kommune

Kl. 15.30 Takk for i dag – god heimreise!

Vi tek atterhald om endringar i programmet.

Påmelding

Velkomen!
Nasjonalforeininga for folkehelsa, Innlandet
Tlf: 62 51 79 10
E-post: innlandet@nasjonalforeningen.no

Påmeldinga er bindande, og konferanseavgifta blir fakturert ved påmelding.
Hugs å gi beskjed om allergiar ved påmelding.
Påmeldingsfrist: 26. august

vedlegg:

Til invitasjon (PDF, 201 kB)