Kjelkehockey og curling på Lalm idrettsanlegg - Sundag 18. februar

«E æ aktiv Æ du» er eit aktivitetstilbod for ungar i Nord- Gudbrandsdalen med spesielle behov, som fell utanfor organisert aktivitet, eller som ønskjer ei positiv oppleving i eit fellesskap.

Kjelkehockey og curling på Lalm idrettsanlegg

  • Tid: 18. februar 12.00-15.00
  • Påmeldingsfrist: Seinast onsdag 14. februar.
  • Pris: 200,- pr. familie (inkludert pølser som vi grillar ute +saft)

Vi ønskjer foreldre/føresette og sysken velkomne, og eventuelt andre ledsagarar.

Idrettskretsen v/ Vidar Albert kjem og vil hjelpe oss med å prøve ut hockeykjelker. 
Dette er ein ny aktivitet for alle, men også ein aktivitet som passer alle. 
Dei som har skøyter og/eller hjelm kan ta med dette. 
Ellers klede som passer været.  
Vi tek sikte på sosialt samvær og lav terskel for å prøve ut ein ny aktivitet. 
Det er moglegheit for å koma innandørs for å varme seg. 
Det er HC toalett på klubbhuset.

Vegbeskrivelse:

Du finn Lalm Idrettsanlegg ved å ta av ved samfunnshuset og følgje skilt til idrettsplassen. Hockeyanlegget ligg like ved. 
Adresse:  Kvennbergvegen 22

Påmelding innan onsdag 14. februar til:

Velkomne til ein aktiv og triveleg dag på Lalm Idrettsanlegg!    

Kontakt

Sivert Jonassen
Avdelingsleiar Ergo- og Fysioterapitenesta Lom og Skjåk
Mobil 481 65 520