Kommunikasjon og demokratiutvikling - Skjåk kommune

Kommunikasjon og demokratiutvikling

– Eit høgflygande prosjekt med fulltreffar-resultat!

Kommunane Skjåk, Ulstein og Volda har nyleg delteke i eit pilotprosjekt som kombinerer teoretisk kunnskap og praktisk opplæring i kommunikasjon. Kurset, som vart gjennomført ved Høgskulen i Volda, har får strålande tilbakemeldingar frå deltakarane. Det er statsforvaltarane i Innlandet og Møre og Romsdal som har støtta initiativet, som no kan få ringverknader langt utanfor dei tre deltakar-kommunane.

Jarl Martin Møller, kommunedirektør i Ulstein kommune, Ivar Bø, kommunedirektør i Skjåk kommune og Rune Sjurgard, kommunedirektør i Volda kommune. Steinarr Sommerset

Medieutdanninga ved høgskulen leverte undervisning med topp nasjonal kompetanse, og kurset vart ei konkret oppfølging av ideen til kommunedirektørane Ivar Bø, Skjåk kommune og Rune Sjurgard, Volda kommune – ein tanke som først vart klekt ut på ein flytur frå Gardermoen til Ørsta-Volda.

Kurset har fokusert på tidsaktuell teori, presentasjonsteknikk og effektiv kommunikasjon – alt med mål om å betre dialogen med innbyggjarane. I ei tid der samfunnsutfordringar vert meir komplekse, er det avgjerande at kommunane kommuniserer klart, ope og engasjerande, seier Rune Sjurgard.

– Opplyste innbyggjarar er fundamentet for eit velfungerande demokrati, meiner Sjurgard. 

Kommunane jobbar òg med moglegheitene for å ta i bruk video som verktøy i intern kommunikasjon og sakshandsaming framover.

Med positive erfaringar i bagasjen håpar no deltakarane at fleire kommunar vil bli med i neste runde – for betre kommunikasjon, meir innsikt, og eit styrka lokaldemokrati.

 

Deltakarar frå Ulstein, Skjåk og Volda kommune. Steinarr Sommerset

Med positive erfaringar i bagasjen håpar no deltakarane at fleire kommunar vil bli med i neste runde – for betre kommunikasjon, meir innsikt, og eit styrka lokaldemokrati.

 

Forelesning - Klikk for stort bilde Skjåk kommune