Koordinator for oppvekstreforma i Skjåk

Adobe Stock

Oppvekstreforma er ei omfattande reform for kommunane, og handlar i korte trekk om å sikre best mogleg tverrfagleg arbeid, tidleg innsats og førebygging rundt barn, unge og familiar.  

Koordinator for oppvekstreforma i Skjåk

Kommunalsjef for helse og omsorg, Inger Helene Brandsar, og kommunalsjef for oppvekst og utdanning, Unnvald Bakke, fortel at Kari Anne Skjaak er tilsett i ei mellombels stilling for å koordinere oppvekstreforma i Skjåk kommune. Hovudoppgåva hennar blir å koordinere det vidare arbeidet med eit solid lag rundt barn, unge og familiar i Skjåk på ein slik måte at det blir jobba med å førebygge framfor å reparere.

Systematisert arbeid

For både å samkøyre oss og å forbetre oss, er det viktig å få kartlagt, analysert og systematisert arbeidet som skjer kring barn, unge og familiar. Dette handlar ikkje berre om skule og barnehage, men også om ei rekke helsetenester som til dømes skulehelsetenesta, jordmor, fysio- og ergoterapi, psykisk helseteneste og lege, men også kulturskulen, avlastningstenesta, NAV, og ikkje minst barnevernet og pedagogisk psykologisk teneste (PPT) – altså alle tenester som er i kontakt med barn, unge og familiar, forklarar Inger Helene og Unnvald.

Førebyggande plan

Gjennom oppvekstreforma har det mellom anna kome krav om at kommunane skal ha ein førebyggande plan som skal vedtakast politisk. Dette er ei av arbeidsoppgåvene Kari Anne skal ta fatt i. Inger Helene og Unnvald forklarar at Kari Anne vil vere avhengig av å samarbeide med dei ulike tenestene, og på denne måten få innsikt i arbeidet som blir gjort rundt om i Skjåk kommune.

Det er også viktig at vi ikkje berre lagar ein plan og vedtek den, vi må arbeide med det planen legg opp til, og vi må trene på dei gode måtane å samhandle på. Dette er ikkje eit arbeid vi berre skal drive nå i 2023, men derimot eit arbeid vi skal ha med oss inn i framtida til det beste for barn, unge og familiar i Skjåk, seier dei vidare.

Adobe Stock

Kontakt

Kari Anne Skjaak
Konstituert kommunalsjef for oppvekst og utdanning
Telefon 61 21 70 00