Korleis vil du at Bismo skal bli i framtida?

Bilde av Bismo sett frå luften - Klikk for stort bilde360 grader dronebilde av Bismo Skjåk kommune

Korleis vil du at Bismo skal bli i framtida? I dette arbeidet treng vi dine innspel. Kva er bra og kva fungerer mindre bra i sentrum (Bismo)? Kva ønskjer du deg?

Korleis vil du at Bismo skal bli i framtida?

På oppdrag frå Skjåk kommune gjennomfører Selberg Arkitekter eit moglegheitsstudie for Bismo. Dette er knytt til den fysiske utforminga av Bismo, og viktige tema i arbeidet er:

  • Parkering, trafikkavvikling, mjuke trafikantar, gode møteplassar
  • Kva fungerer i dag og kva fungerer mindre bra?
  • Kva grep kan og bør gjerast i framtida?

Vi ønskjer oss innspel frå innbyggjarar, næringsliv, lag og organisasjonar og elles andre interesserte i denne prosessen. Derfor inviterer vi til ope møte tysdag 25. april klokka 19-21, i kantina på Skjåk Barne- og ungdomsskule.

På møtet informerer vi om arbeidet med moglegheitsstudiet, men det meste av tida skal brukast til dialog og diskusjonar gjennom gruppearbeid/kafedialog. Dette pleier å vere nyttig og interessant for både deltakarar og oss som arbeider med dette. Konklusjonane som etter kvart blir trekt i moglegheitsstudiet, vil vere viktige rettesnorer når kommunen etterpå skal utforme det formelle planverket gjennom ny reguleringsplan.

Alle er velkomne! 

Sjå invitasjon her (PDF, 958 kB)

Kontakt

Anne Silje Berg
Tenesteleiar plan, byggesak og miljø
Telefon 905 83 658
Sølvi Lemstad Hiller
Næringssjef
Mobil 911 14 550


Roger Johansen
Kommunalsjef
Telefon 415 13 687