Lågare kommunale avgifter frå 1. juli 2025 - Skjåk kommune

Lågare kommunale avgifter frå 1. juli 2025

Stortinget har vedteke at satsen for meirverdiavgift på sal av vatn frå vassverk og avlaupstenester skal reduserast frå 25% til 15% frå 1. juli 2025.

Lågare avgift på vatn- og avlaupstenester

Stortinget har vedteke at satsen for meirverdiavgift på sal av vatn frå vassverk og avlaupstenester skal reduserast frå 25% til 15% frå 1. juli 2025.

Endringa skal bidra til å redusere levekostnadane for husstandar som har opplevd å få kjøpekrafta redusert som fylgje av høg prisvekst og auka rente.

Avgift på tenester levert etter 30. juni 2025 blir berekna med 15%. Avgift på tenester levert i perioden før 1. juli 2025 blir berekna med 25%. 

Du kan lese meir om dette på Sticos.no

Fakturering av 3. termin er noko forseinka grunna denne endringa. Betalingsfrist er sett til 15. september. Dei som har månadleg fakturering såg endringa på siste faktura.