Ledig 100 % fast stilling som spesialpedagog!

Ledig 100 % fast stilling som spesialpedagog! Stillinga er for tida ved Skjåk barne- og ungdomsskule og er ledig frå 01.01.2024!

Ledig 100 % fast stilling som spesialpedagog! 

Arbeidsområde

Du vil utføre oppgåver knytt til grunnleggjande og tilpassa opplæring og målretta miljøarbeid med barn og unge med spesielle behov. Noko av arbeidet vil vera knytt til forsterka avdeling. Arbeidet kan vera fysisk krevjande. 

Kvalifikasjonar

  • Spesialpedagog, eventuelt vernepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning
  • Godkjent politiattest

Vi vektlegg

  • Evne til å arbeide strukturert og målretta 
  • Gode samarbeidsevner 
  • Interesse for fag og fagutvikling
  • Fleksibilitet i høve til omstillingar 
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, og samtidig vera ein tydeleg og trygg rollemodell
  • Erfaring frå liknande arbeid, og målretta miljøarbeid med barn og unge
  • God norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
  • Generell forståing for bruk av informasjonsteknologi

Vi tilbyr

  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale 
  • Pensjonsordning 

Spørsmål kan rettast til rektor Trude Teigen mobil 907 58 457. 

Søknadsfrist 19. november 2023

Kommunedirektøren

Kontakt

Trude Teigen
Rektor, Skjåk barne og ungdomsskule
Telefon 61 21 70 00
Mobil 907 58 457
Elin Bakke
Personalkonsulent
Telefon 61 21 70 00
Mobil 997 56 690