Lom og Skjåk kommunar søkjer etter mannskap til kommunalt skadefellingslag Lom og Skjåk kommunar er med i prosjektet "Berekraftig sameksistens mellom sau og jerv i utmark" saman med kommunane Lesja og Dovre. På grunn av omorganisering blir det no søkt etter leiar, nestleiar og anna mannskap i alle kommunane. Det er ikkje ei fast tilsetting, men medlem av skadefellingslag signerer ei tidsbestemt oppdragsavtale. Tidlegare medlem blir oppfordra til å søkje. Kvar kommune skal ha sitt eige skadefellingslag som er organisert i eit interkommunalt samarbeid. I hovudsak vil mannskap rykke ut i eige kommune, men det må kunne påreknast arbeid på tvers av kommunar når det er hensiktsmessig. Nøkkelkvalifikasjonar: Årleg godkjend lisensjegar Erfaring frå jakt, gjerne rovdyrjakt God fysisk form Gode samarbeidsevner, må ha evne til å utføre oppdrag i samsvar med fellingsløyve og etter instruks frå fellingsleiar Vere ein god lagspelar Ubekvem arbeidstid må kunne påreknast Det er ein fordel å kunne bruke Garmin og Tracker hundepeilarsystem, samt anna digitale verktøy i samband med utkalling og timeregistrering. Blir gjeve opplæring i dette. Kva går oppdraget ut på: Oppdragstakar tek på seg å inngå i mannskap for kommunalt fellingslag for store rovdyr. Oppdragstakar forpliktar seg til å vere operativ for deltaking på fellingsforsøk gjennom oppdragsperioden. Oppdragstakar forpliktar seg til å bidra i fellingsforsøk utover eigen kommune. Det er berre på anmoding frå oppdragsgjevar at mannskap kan iverksette oppdrag. Dersom mannskap på frivillig basis tek på seg å delta i fellingsforsøk, har ikkje oppdragsgjevar plikt til å godtgjere dette eller stå ansvarleg for deltaking. Oppdragstakar må rekne med å jobbe sjølvstendig, men alle oppdrag skal koordinerast gjennom leiar eller nestleiar av laget. Det er leiar eller nestleiar som skal halde kontakt med oppdragsgjevar og Statsforvaltaren. Stadfesting: Oppdragstakar forpliktar seg til følgjande: Delta på pliktige møter og prioritere deltaking på eventuelle kurs Delta på fellingsoppdrag utover eigen kommune Deltaking frå oppdragsgjevar skal prioriterast høgt, spesielt ved ettersøk Følgje instruks og gjere seg kjend med informasjon utsendt frå oppdragsgjevar Vere registrert lisensjegar for gjeldande år og medbringe lisens under fellingsforsøk Løyse jegeravgift og vere registrert i Jegerregisteret 2023 Avleggje årleg skyteprøve for storviltjakt før deltaking på fellingsforsøk Disponere eiga jaktrifle med kaliber godkjend for storviltjakt Oppdragstakar skal ikkje uttale seg offentleg om forhold som gjeld fellingsforsøk. Ved spørsmål frå media skal det visast til leiar eller ein annan oppnemnd person Oppdragstakar har tausheitsplikt i henhald til forvaltningslova §13 a-f Varigheit: Oppdragsavtale gjeld frå og med 1.5.2023 til og med 31.4.2028. Oppdragsavtala gjev ikkje rett til noverande eller anna framtidig arbeid i kommunen. Avtala kan seiast opp av begge partar med ein månads varsel. Godtgjering: Det blir godtgjort etter medgått arbeidstid, rekna frå utreise til heimkomst. Godtgjering sesong 2023 er ikkje fastsett per i dag. Søknadsfrist: 15. februar 2023 Søknad sendast til: postmottak@skjaak.kommune.no Skriv i søknaden kva for rolle du søkjer på. Det held med ein stuttfatta søknad. For spørsmål kontakt Kari Hånsnar på e-post: kari.hansnar@skjaak.kommune.no eller telefon 99162602 Publisert 01.02.2023 15.10 Sist endret 01.02.2023 15.10