Vatningsforbod frå laurdag kveld
Grunna det svært høge vassforbruket dei siste dagane, innfører Skjåk kommune frå og med klokka 18.30 laurdag, 14. juni midlertidig forbod mot all vatning og anna unødvendig vassbruk utandørs. Dei varme og tørre dagane har ført til eit forbruk som ligg langt over normalen, og dette set vassforsyninga under press.
Forbodet gjeld frå no og inntil vidare. Målet er å sikre tilstrekkeleg vatn til alle abonnentane i kommunen. Kommunen vil måndag vurdere situasjonen på nytt, og sjå om det er mogleg å lette på restriksjonane.
Vi ber alle vise omtanke og bidra til å redusere vassforbruket.
Takk for at du tek ansvar!