Frå omsorg til meistring
Skjåk kommune endrar namnet på kommunalsjefområdet helse- og omsorg til helse og meistring. Namneendringa er symbolsk og skal spegle eit strategisk skifte i retning av å styrke innbyggjarane si evne til å meistre eigen kvardag.
Formålet med kommunalsjefområdet er å sikre at innbyggjarane får dei helsetenestene dei har rett på. Dette inneber ikkje berre å tilby rett tenester til rett tid, men å førebygge behov for tenester og støtte innbyggjarane i å leve sjølvstendige og meiningsfulle liv.
Endringa er forankra i nasjonale føringar og reformer som legg vekt på meistring, førebygging og samhandling:
- Nasjonal rettleiar for prioriteringar i kommunale helse- og omsorgstenester understrekar behovet for rettferdig og effektiv ressursbruk.
- Eldrereforma «Fellesskap og meistring – Bu trygt heime» løftar fram meistring og fellesskap som grunnpilarar i tenestene til eldre.
- Oppvekstreforma og Pårørandestrategien fremjar tidleg innsats og støtte til familiar og pårørande.
- Demensplan 2025 og Opptrappingsplan for psykisk helse 2023–2028 legg vekt på brukarmedverknad og tilpassa støtte.
- Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024–2027 peikar på behovet for betre samhandling og heilskaplege tenester.
Skjåk kommune har eit breitt spekter av eigne og interkommunale tenester, mellom anna i samarbeid med Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja. Dette omfattar alt frå legekontor og sjukeheim til psykisk helse, barnevern og lokalmedisinsk senter. Namneendring til helse og meistring skal gjere det tydeleg at desse tenestene har eit felles mål: å støtte innbyggjarane i å leve gode liv – på eigne premiss.
Ved å løfte fram meistring som eit overordna mål, ønskjer kommunen å signalisere ei framtidsretta tenesteutvikling. Dette er ei retning som samsvarar med nasjonale strategiar og med verdiane i Skjåk-samfunnet.