Nytt prosjekt i regi av NAV: Førebygging av økonomiske utfordringar for privatpersonar
NAV Lom og Skjåk har fått tilskott frå Fylkesmannen til å starte eit prosjekt for å gje råd og rettleiing til kommunens innbyggjarar som eit førebyggande tiltak for å unngå at dei hamnar i økonomiske utfordringar.
NAV - logo
Prosjektet er 1-årig med moglegheit for forlenging. Meininga er at opplegget som skal utviklast, også kan nyttast av andre kommunar seinare.
NAV Lom og Skjåk lyste ut stillinga i mars og fekk 10 søkjarar til stillinga. Etter ein grundig tilsettingsprosess, har NAV Lom og Skjåk gjeve Svein Holen tilbod om stillinga. Hans kompetanse og engasjement for fagfeltet gjer at han vil vere ein stor ressurs inn i dette prosjektet.
Publisert av Sigrun Eide
Sist endret 09.08.2024 13.28