Olje i kommunalt avløp

Måndag 15. januar var det registrert olje i avløpsnettet i Bismo

Måndag 15. januar var det registrert olje i avløpsnettet i Bismo. Dette vil seie at det har kome olje ned i ein sluk eller toalett frå ein eigedom.  Skjåk kommune ber alle i Bismo kontrollere at det ikkje er olje i avløpet. 

Har du eigen oljeutskiljar?

Abonnentar som har oljeutskiljar om å ettersjå denne, og kontrollere at den fungerar. Ein oljeutskiljar krev regelmessig tømming.

Har du vore uheldig å fått olje i avløpet gje beskjed til teknisk avdeling (Skjåk kommune). Eit oljepåslepp på kommunalt nett kan vere særs skadeleg for prosessen i eit reinseanlegg. Dette kan medføre store reperasjonskostnadar av anlegget. Påsleppet er ulovleg.

Kontakt

Lars Kurt Haugen
Driftsleiar veg, vatn og avløp
Telefon 453 12 890
Mobil 453 12 890