Oppstart på arbeid i Ospelitunnelen, rv. 15 Strynefjellet - Skjåk kommune

Oppstart på arbeid i Ospelitunnelen, rv. 15 Strynefjellet

Ospelitunnelen Hannah Sofie Flaten, Fjordingen    

PRESSEMELDING Statens vegvesen:

Måndag 21. oktober startar arbeidet med å skifta ut det elektriske utstyret i lange Ospelitunnelen i Stryn, på Sogn og Fjordane-sida av fjellet. Arbeidet vil gå fire dagar i veka, frå måndag til torsdag. Tunnelen blir då stengd i inntil 30 minutt, og trafikken sloppen gjennom i kolonnar med leiebil.

Arbeidstidene blir 07:00 til 17:30 måndag, tysdag og onsdag, 07:00 til 15:00 på torsdagar. Frå torsdag kl.15.00 til måndag kl.07.00 blir det fri ferdsle gjennom tunnelen.
Rutebussar blir slopne gjennom, slik at rutene ikkje blir påverka.

Opprustinga av Ospelitunnelen er venta å vere ferdig før sommarferien neste år. Hausten 2020 blir det oppstart på opprustinga av Grasdaltunnelen på same strekninga. 

Meir informasjon om tunneloppgradering på Statens vegvesen sine nettsider: https://www.vegvesen.no/vegprosjekter/tunnelervest.
Alltid oppdaterte trafikkmeldingar finn du på www.175.no.