Oppsummering av ope møte om etablering av døgnkvileplass langs riksveg 15.

Vegvesenet ønskjer å inngå leigekontrakt med ein næringsaktør som vil etablere, drive og vedlikehalde ein døgnkvileplass ved rv. 15. Skjåk, Lom eller Vågå. 

Referat frå møte

Fredag 12. januar inviterte Skjåk kommune aktuelle næringsdrivande og andre interessentar på ope møte om Statens Vegvesen si utlysning av døgnkvileplass langs riksveg 15. 

Vegvesenet ønskjer å inngå leigekontrakt med ein næringsaktør som vil etablere, drive og vedlikehalde ein døgnkvileplass ved rv. 15. Skjåk, Lom eller Vågå. Statens vegvesen har lyst ut ei konkurranse om etablering, drift og vedlikehald av ein døgnkvileplass for tungtransporten i dette området. 

På møte gjekk kommunalsjef Roger Johansen gjennom kravspesifikasjonene frå Statens Vegvesen og avklara rolla Skjåk kommune har i denne prosessen. I denne prosessen er det dei næringsdrivande sjølve som må gje tilbod på utlyst 10+2 års avtale. På vegne av Skjåk kommune sa kommunlsjefen også at Skjåk kommune ønskjer å vera på tilbodssida der det er behov for råd knytt til tilbodsgjeving. Dette kan vera for eksempel reguleringsplanar, vatn-og avløp, vegspørsmål, avfallsløysingar og anskaffelstekniske spørsmål.

Les meir informasjon om utlysninga frå Statens Vegvesen.

Ønskjer du meir informasjon frå Skjåk kommune kan du kontakte: 

Kontakt

Anne Silje Berg
Tenesteleiar plan, byggesak og miljø
Telefon 905 83 658
Roger Johansen
Kommunalsjef
Telefon 415 13 687
Bernt Dahl
Teknisk sjef
Mobil 453 13 301