Per Dagsgard fekk årets Skjåkpris!

Per Dagsgard fekk årets Skjåkpris for 2023, og Skjåk kommune gratulerer! Sjå video frå den overraskande utdelinga!

Per Dagsgard fekk årets Skjåkpris for 2023

Årets prisvinnar har utført arbeid og registreringar som har stor betydning for kommunen, men òg av stor verdi nasjonalt og internasjonalt.  Personen sitt arbeid og engasjement dekkjer fleire områder: natur- og miljøforvaltning, samfunnsengasjement og kunst og kultur. 

Bilde av årets Skjåkprisvinnar Per Dagsgard - Klikk for stort bildeOrdførar Edel Kveen overrekte årets Skjåkpris til Per Dagsgard på ein fiktiv "podcastsending i regi av Mediehuset Fjuken! Mediehuset Fjuken

Om Per Dagsgard: 

Kandidaten trivst best i skog og fjell, det har han gjort sidan ungdomen. Alt da hadde han interesse og ei spesiell evne til å sjå og finne spor etter forfedre sin  bruk, både i dal og fjell, i heile bygda. Han registrerte det han såg og fann og prata med eldre personar som viste nok og var kjende, ofte kunnskap som har vore fortalde i generasjonar. Det dei fortalde skreiv han ned og sikra med det mykje viktig informasjon og kunnskap for ettertida.

Da Øystein Mølmen gjorde sitt registreringsarbeid og samla historia om bruken av utmarka til boka Jakt. Og fangstkultur i Skjåk og Finndalsfjella, var han ein svært viktig medarbeidar. Han er også ei viktig kjelde for utgjeving av andre bøker og hefte som omhandlar jakt, fiske og kulturminne.

Per var den fyrste som mellom anna gjorde funn av ting som smelta fram frå breane nedunder Storivilen. Han sende det inn til Historisk museum, fekk da som svar at dette var noko han berre kunne behalde. Funna han gjorde vart fleire og fleire, etterkvart vart det mange som vert interesserte og nå er det full merksemd rundt dei funna som blir gjort både nasjonalt og internasjonalt. 

Han har registrert og systematisert fleire tusen funn, t.d. dyregraver ( for rein og elg), bågåstø, innsmogo, steinbuer, butomter, buplassar, hørberg, varda råk og spesielle varder.

Sjå video frå den overraskande utdelinga!

I ein rapport frå NINA står det om Per Dagsgard sine registreringar: 

Dagsgard er den som har arbeidd lengst og mest med kartlegging av fangskulturen i fjellområda i Ottadalen sørområdet. På 1960- og 1970-talet assisterte han også Øystein Mølmen i Ottadalen nordområdet, og har sjølv fylgd opp registreringane i dette området. Han held framleis på med registrering av fangstanlegg her, primært innan Skjåk kommune. Han har kartfesta anlegga med GPS og laga skisser over dei. Kart med Dagsgard sine registreringar framgår i rapporten .

Nemnte rapport viser 1074 GPS-festa villreinrelaterte funn, med andre funn er det fleire tusen registreringar Per har gjort Registeret er levert NINA for å ta i vare funna. Per Dagsgard er ein stor bidragsytar til alle dei arkeologiske funna som blir gjort nå. 

Per har hatt auga for arkeologiske verdiar og har vore bevisst på å ta vare på funn og kunnskap for ettertida.

Som pensjonist arbeider han framleis aktivt med registrering, men også anna kulturarbeid. Kan nemna jakt, fiske, snurufangst og t.d. restaurering av inntakshytta for det gamle kraftverket i Aura, der han var ein av ildsjelene. 

I tillegg har Per ein del private samlingsverk over ulike tema og funn i Skjåk, som til dømes fjellfunn som er sortert geografisk, historisk materiell om Liagrende ved Sota og historia rundt samfunnet som var ved Aura i Skjåk. 

Han har gjennom sitt virke som teknisk sjef/ sektorleiar og i periodar som rådmann lagt ned eit solid arbeid for Skjåk kommune. Som sakshandsamar for byggesaker vart sakene raskt handsama. Skjåk kommune låg på landstoppen for rask byggesakshandsaming, og dette vart lagt merke til utanfor kommunens grense. Han har og ei lang teneste innan brann- og redningstenesta og Raude Kors.

Skjåk kommune gratulerer!

og takk til Mediehuset Fjuken for kreativ regi!

------

Les også Simen Teigum Slettede vart tildelt årets kulturstipend!