Pressemelding vedr Bismo vassverk:

Pressemelding vedr Bismo vassverk

Seint på kvelden laurdag 3 juni kom det varsel til teknisk vakt om feilkode på styringseining. Det var straks starta feilsøk, men feilen tok tid å rette opp.  Denne hendinga har ikkje direkte relasjon til hendinga 23 mai, men desse hendingane kom tidsmessig nær kvarandre som ein tilfeldigheit.

Natt til sundag 4 juni synte det seg at det var relativt stort forbruk på kommunalt nett samanlikna med tidlegare døgn. Forbruket kan ha samanheng med fleira faktorar, men det var meldt temperaturauke, og hagevatning hadde auka på. Ved hendingar som gjelder vassforsyning av drikkevatn er det ein heilt nødvendig prosess og stoppe unødig forbruk så fort det lar seg gjere, difor vart det utsendt vatningsforbod sundag 4 juni kl. 0500. Det vart også utsendt oppfordring sundag kl. 1700 til abonnentar om sjekke lekkasjar på sin eigedom.

Når arbeidet med oppretting av feilen blei gjennomført natt til sundag var nivået i høgdebassenget overvaka, det vart difor konkludert tidleg med at vi kan komme i den situasjon at vi må køyre vatn med tankbil, det blir bestilt tankbil så arbeidet er i gang, for å være sikre, Det blir fylt reint vatn på tankbil for vatn, vatnet blir fylt på nettet, i den prosessen er det prosedyre på å sende kokevarsel.

Vassforsyning i ved Bismo vassverk oppretta til vanleg drift i løpet av sundag 4 juni 2023.

Vatningsforbod er endra til vatningsrestriksjon frå 5 juni kl. 1200 og inntil ny beskjed kjem å er som føljer:

  • Eigedommar med partal kan vatne på partalsdatoar, eigedommar med oddetal kan vatne på oddetalsdatoar. Tidsrom for vatning er satt til kl.12.00-24.00.
  • Ved brot på restriksjonane kan det, i følje av gebyr regulativet 2023 påleggjast eit straffegebyr på kr 1000,-.

Som eit ledd i å unngå unødig forbruk av vatn og påfølgjande restriksjonar er alle abonnentar til Skjåk kommune oppmoda til å kontrollere at det ikkje er lekkasje eller unødig forbruk på sin eigedom. t.d toalettet så det ikkje står å renn.

Kontakt

Lars Kurt Haugen
Driftsleiar veg, vatn og avløp
Telefon 453 12 890
Mobil 453 12 890