Prosedyre for å søke naturskadefondet om erstatning Skjåk kommune Det har nå skjedd mykje naturskadar i Lom og Skjåk under Ekstremvèret Hans. Dette er det mogleg å søke naturskadefondet om erstatning for. Prosedyre for å søke naturskadefondet om erstatning Det har nå skjedd mykje naturskadar i Lom og Skjåk under Ekstremvèret Hans. Dette er det mogleg å søke naturskadefondet om erstatning for. Søknadsfristen på naturskade er 3 månader etter at skada har skjedd. Det er kr 10 000.- i eigenandel og ein kan få erstatta 70% av kostnadane over dette. Ting som må gjerast er det berre å rette opp, men hugs på å få det med i kostnadane. Forebyggjande arbeid for å redusere skadane kan takast med. Slik gjer dykk: Ta godt med bilder av skadane. Ved kostnader under kr 50 000.- kan dykk berekne kostnadane sjølve. Ved kostnader kr 50 - 200 000.- må dykk få ein entreprenør til å berekne kostnadane. Ved kostnader over kr 200 000.- må dykk få tilbod frå minst 2 entreprenørar. Når dykk har dette i orden kan dykk søke om erstatning via altinn. Meir innformasjon om dette på landbruksdirektoratet.no, eller kontakt oss (Landbrukskontoret for Lom og Skjåk). Om dykk ikkje vinst å få inn tilbod innan fristen, så meld inn skada innan fristen og søk seinare. Om nokon treng hjelp med søknaden kontakt Landbrukskontoret for Lom og Skjåk. Kristin Smågård på telefon 93 22 94 58 Pål Skjåk Haugen på telefon 90 91 65 79 Lanndbrukskontoret Sist endret 14.01.2025 10.29