Prosjektleiar i «Sats på Skjåk» - Skjåk kommune

Prosjektleiar i «Sats på Skjåk»

Vil du jobbe med tilflytting, rekruttering og verdiskaping i ei av Noreg sine mest allsidige og ressurssterke fjellkommunar? Skjåk kommune har eit ledig engasjement i 100% stilling som prosjektleiar for prosjektet “Sats på Skjåk”. Prosjektleiar vil fungere som ein bygdeutviklar. Stillinga er ledig frå dags dato og i eitt år fram i tid, med moglegheit for forlenging.

Vil du ha ein variert arbeidskvardag med mange ulike oppgåver og aktivitet? Er du god på å sette retning, samarbeide, organisere og få ting gjort? Vil du ha ein prosjektleiarjobb med meining - der du får brukt dine evner og kompetanse, og der ditt bidrag kan sette spor og gje ei retning for framtida? Om du kjenner deg att i dette dette kan du vere den vi ser etter. 

Oppgåver

  • Arbeide med bu- og blilyst
  • Kommunikasjon og marknadsføring
  • Leggje til rette for digital deltaking og informasjon for utflytta skjåkværar og andre som er interessert i Skjåk
  • Skape strukturar og system for varig digital relasjonsbygging
  • Forvalte prøvebuordninga 
  • Samarbeid med næringslivet 
  • Ta aktiv del i prosjektet “Bli hjå oss” 
  • Koordinere og vere ansvarleg for oppfølging av måla i “Sats på Skjåk”
  • Søke nye midlar til ytterlegere tiltak for vidareføring av arbeidet 

Kvalifikasjonar

  • Kunnskap og ferdigheiter innan moderne marknadsføring og kommunikasjon
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 
  • Strukturert, ryddig og organisert med god gjennomføringsevne 
  • Evne til å utføre mange ulike oppgåver parallelt 
  • Fleksibel og utviklingsorientert 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne, (Skjåk Kommune har nynorsk som administrasjonsspråk)

Vi vektlegg at du har 

  • Relevant utdanning frå fagskule eller høgskule / universitet 
  • Vi er generelt opne for at det er kan vere mange ulike erfaringar og bakgrunnar som kan vere nyttige og relevante i denne stillinga, men felles er at ein må vere god på å kommunisere med ulike folk, på å leie og organisere - og på gjennomføring. Søkjar må også vera særs motivert for arbeidet.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Skjåk kommune kan tilby

  • Ein spennande jobb i eit utviklingsorientert lokalsamfunn og organisasjon
  • Store moglegheiter til å utforme eigen arbeidskvardag og stilling samt personleg og fagleg utvikling 
  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale 
  • Pensjonsordning KLP 
  • Kommunen kan hjelpe til ved behov for bustad 

Prosjektleiar vil arbeide tett med næringssjefen og stillinga vil ligge under avdeling for miljø- og samfunnsutvikling.

 Spørsmål om stillinga kan rettast til næringssjef Tea Karoline Mork
Epost: tea.karoline.mork@skjaak.kommune.no
Tlf: 901 16 575

Søknadsfrist 28. juli 2025

Kommunedirektøren

Kontakt

Tea Karoline Mork
Næringssjef
Mobil 901 16 575