Redusert framkommelegheit på Bråtåvegen onsdag, torsdag og fredag

Onsdag, torsdag og fredag denne veka vil det pågå spesialtransport på FV 2652 (Bråtåvegen) knytt til bygginga av Dyringen bru. 

Det vil vere stor transportaktivitet på Bråtåvegen med kranbilar, lange semitrailerar og mobilkraner i desse tre dagane og redusert framkommelegheit i periodar for bebuarar i området.

Skulebussen vil gå som normalt.

Kontakt

Bernt Dahl
Teknisk sjef
Mobil 453 13 301