Rundtur i bygda

Onsdag den 7. februar var alle bedrifter i Skjåk inviterte til å vere med på ein rundtur i bygda med buss, og det vart ein inspirerande tur.

Onsdag den 7.feb var alle bedrifter i Skjåk inviterte til å vere med på ein rundtur i bygda med buss. Målet med turen var å bli betre kjent med andre bedrifter for å skape meir samarbeid på tvers av bedrifter og sektorar. Dette for om mogleg  auke verdiskapinga enda meir lokalt.
 
Det vart ein inspirerande tur og fleire konkrete tiltak vart lyfta opp som moglege samarbeidsområde. Vi har mange fenomenalt gode bedrifter i Skjåk som bidreg til arbeidsplassar og til å marknadsføre bygda positivt. Alle er like viktige, frå småe enkeltmanns føretak til dei største industribedriftene.
 
Takk til Helge Skjåk som stilte med flott nyoppussa OKB buss, YX, Dønfoss Camping, Ellinor Fosstuen, Ofossen Mølle, Fjelleventyret, Vega Partners/ecit og DMT avd Skjåk, Skjåk Trelast, Skjåk Almenning, Stryvo Bismo, Interfil, Mogard, Visit Skjåk og til Nasjonalparkriket Reiseliv som sit på ei brei, fagleg dyktig kompetanse og stort nettverk når det gjeld marknadsføring av området vårt.
 
Det blir fleire liknande turar i framtida.
 
Arr: Skjåk kommune, Sparebank 1 Lom og Skjåk, NiS og Nasjonalparkriket Reiseliv.