Ryddedugnad langs med vassdraga i Skjåk - Skjåk kommune

Ryddedugnad langs med vassdraga i Skjåk

Skjåk kommune ynskjer å motivere skuleklassar, lag og foreiningar til å rydde og har ein økonomisk pott på om lag kr 60.000,- som blir fordelt på dei som bidreg.

Skjåk kommune arrangerer ryddedugnad

Ryddedugnaden skjer i veke 15 frå måndag 7. april og fram til og med søndag 13. april. Avfall som ein finn under ein slik ryddedugnad blir normalt sortert som restavfall. Avfallet som blir samla inn må deltakarane sjølve transportere til miljøstasjonen, levere det saman med eige restavfall eller eventuelt levere det til oppsamlingsplass (meir info ved påmelding).

Dei som bidreg med rydding får godtgjering

Dei som bidreg med rydding får godtgjering. Det er lagt opp til kr 200,- pr time og maks tre timar pr deltakar.  Det blir gjeve maks kr 6.000,- pr lag / foreining / skuleklasse. Enkeltpersonar kan også delta, dei kan sjølv avgjere kva lag / org dei ynskjer å gje dugnadsgodtgjering til. Det er fint om laga på førehand kan si noko om kor stor dugnadsinnsats dei truleg kjem til å ha. Om nokre lag ikkje kjem opp i maks utbetaling kan det bli rom for at fleire lag kan delta.

Påmelding

Påmelding på førehand til Kristen.Haugen.Dagsgard@skjaak.kommune.no Før opp kontaktperson, tlf-nr og kontonr. Lag og foreiningar blir tildelt strekningar som dei skal rydde. Levering av avfall blir avtalt med kvar einskild lag/foreining etter at dei er påmeldt. Etter ferdig rydding skal det sendast rapport til same e-post. Send info om talet på deltakarar, timar og kor mange søppelsekkar med avfall som vart samla inn.

Deltakarar kan hente søppelsekkar og hanskar i servicetorget på kommunehuset til rydding. Gi melding om kva lag/org du representerar så får du utlevert utstyr. (Vi tek atterhald om at vi får nok utstyr til alle, men vi har ein del).

Premiering

I tillegg ynskjer vi å utforde dei som ryddar til å sende inn bilete frå ryddedugnaden. Det blir gjeve premiering til beste bilete i tre kategoriar:

  1. Kr 1000,- til artigaste funn
  2. Kr 1000,- til mest forureinande søppel som er fjerna
  3. Kr 1000,- til beste ryddedugnadsbilete

Send bilete til post@skjaak.kommune.no innan 14. april og skriv kva kategori det høyrer til.

Kontakt

Tor Taraldsrud
Naturforvaltar
Telefon 61 21 70 00
Mobil 481 90 145