Skjåk er ein del av denne satsinga der Utdanningsdirektoratet (Udir) gjev oss kurs og fagleg påfyll gjennom ei toårsperiode. I løpet av denne perioden er vi så heldige at vi får høyre frå dei beste fag- og forskingsmiljøa i Norge. I tillegg får Skjåk kommune dekt midlar til to ressurspersonar, Kari Anne Skjaak og Suna Sveen Aukrust.
I løpet av dei to dagane på Gardermoen hadde vi ni forelesarar frå ulike fagmiljø i Norge, men felles for alle var at dei la stor vekt på Trygghetssirkelen. Trygghetssirkelen er noko Skjåk kommune har lyfta opp dei siste åra, og hausten 2019 har alle tilsette i barnehage og skule opplæring i denne i regi av helsestasjon.
Hovudmåla for Skjåk kommune i denne nasjonale kompetansehevinga er at vi saman skal skape eit miljø som fremmar god psykisk helse:
- Alle barn skal oppleve å bli sett
- Styrke barns emosjonelle kompetanse og empati
- Felles fagspråk og forståing blant tilsette
- Kunnskap om kva som fremmar inkluderande miljø
- Kollektiv handlingskompetanse hjå tilsette for å ta tak i situasjonar som oppstår
- Styrke samarbeid barnehage/skule og heim