Sensasjonell oppdaging i Skjåk

Ein septemberdag i 1823 kom ein beskjeden eldre professor og to læresveinar attende til Christiania etter tre månaders rundreise i Norge. På vegen hadde dei snubla over den største vitskapelege oppdaginga som nokon gong er gjort i norsk natur: Dei hadde oppdaga Istida - i Skjåk! I desse dagar er det akkurat 200 år sidan.

Plakat med Istida vart oppdaga i Skjåk. 200-årsjubileum. - Klikk for stort bilde

Istida vart oppdaga i Skjåk

I år er det er 200 år sidan Istida vart oppdaga. Dette skjedde i Skjåk, nærare bestemt i Raudalen, 1 km vest for ytste Leirvatnet. Professor Jens Esmark og læresveinane Niels-Otto Tank og Jan Theodor Kielland oppdaga ein morenerygg som låg på tvers over dalen. Den ligg parallelt med, men litt bortanfor brekanten til Raudalsbreen som er ei grein av Sikilbreen.

Otto Tanks morene

Otto Tank utbraut spontant at denne vollen var lik ein voll dei hadde sett ved havnivå i Stavanger. Vollen hadde akkurat same samansetning, ei fullstendig samanblanding av store og småe steinar og denne grusvollen var nyleg brøyta opp av breen som låg like bak. Da skjønte dei, at ein gong i fortida måtte enorme ismengder ha nådd heilt ned til havkanten på stader i Norge der ein i dag må høgt til fjells for å treffe på evig snø og is. Morenen i Breheimen, der erkjenningsgjennombrotet  fann stad, vart namna Otto Tanks morene.

Verdsarv

Professor ved Universitetet i Oslo, Geir Hestmark, meiner at hendinga er ei så sensasjonell oppdaging, at Otto Tanks morene bør stå på UNESCO si verdsarvliste.

Jens Esmark si oppdaging av Istida er den mest revolusjonerande vitskapelege oppdaginga som er gjort med utgangspunkt i norsk natur.

Bokomslag: Istidens oppdager av forfattaren Geir Hestmark - Klikk for stort bilde

Geir Hestmark

Geir Hestmark har skrive ei bok om hendinga, "Istidens oppdager- Jens Esmark, pioneren i Norges fjellverden". Boka kom ut i 2017 og er kåra til Skandinavias ti beste sakprosabøker etter år 2000.

Geir Hestmark kjem til Skjåk og held foredrag om boka og hendinga. Dette går føre seg den 15. november klokka 19.00 på Skjåk folkebibliotek. Han har skrive fleire artiklar om hendinga. Les ein av dei her: Jens Esmark: Han oppdaget Istiden  (PDF, 3 MB)

Geologiens dag 

- blir markert kvart år over heile landet med utstillingar, foredrag og seminar. I år er temaet "Istider formet landet" - Geologiens dag.

 

Program
Istida vart oppdaga i Skjåk - 200-årsjubileum

7. OKTOBER
Kunstverkstad for barn med Martha Skogen
Ved Skjåkhallen - Hausttakk

15. NOVEMBER
Foredrag med Geir Hestmark Skjåk folkebibliotek kl 19

16. NOVEMBER
Kulturkveld
Tema: "Istida vart oppdaga i Skjåk"
Marlo Grendehus kl 19

Kontakt

Marianne Stensgård
Kultur og omdømme
Telefon 61 21 70 00
Mobil 909 41 702