#SJEKKdeg! Drop-in livmorhalsprøve 21. februar 2024

Skjåk legekontor ynskjer å invitere alle kvinner mellom 25-69 år på drop-in livmorhalsprøve onsdag 21. februar frå klokka 14.00 - 17.00. 

#SJEKKdeg!

Alle kvinner mellom 25 og 69 år er anbefalt å følgje livmorhalsprogrammet, og ta livmorhalsprøve når ein får påminning. Sjekk-deg-kampanja har mål om at fleire kvinner skal ta livmorhalsprøve, for å unngå flest mogleg tilfelle med livmorhalskreft.

Drop-in livmorhalsprøve

I forbindelse med dette, ynskjer Skjåk legekontor alle kvinner mellom 25-69 år, velkome på drop-in for livmorhalsprøve, 21. februar kl. 14.00-17.00. Tilbodet er primært meint for kvinner som ikkje har følgt programmet, og for dei som ikkje har teke prøve på nokre år. 

Møt opp i god tid og meld deg i skranken, og du får du time fortløpande. 

Men hugs: Har du symptomer som sterke blødningar, smertar og/eller uregelmessig menstruasjon, bør du bestille deg ein time i vanleg kontortid, uavhengig av alderen din og når du sist tok prøva.

Hjarteleg velkome – det blir servert bobler (mozell)!

Les meir om #sjekk deg

plakat for kreftforeningen - Klikk for stort bilde Kreftforeningen

Kontakt

Skjåk legekontor
Telefon 61 21 71 00

NGLMS - legevakt og legevaktsentral Otta