Skjåk kommune har i sommar tilsett følgjande ungdom som kommuneinfluensarar

Illustrasjonsbilde av mobiltelefon med apper - Klikk for stort bilde

Skjåk kommune har i sommar tilsett følgjande ungdom som kommuneinfluensarar:

  • Tea Gustavsen Rakstad
  • Ola Soglo
  • Thormod Sjøvold
  • Mats Aaboen
  • Sondre Tundrali

Dei kjem til å jobbe gjennom sommaren med å lage innhald til sosiale media om Skjåk, fyrst og fremst retta mot ungdom og unge vaksne.

Dei er tilsett i deltidsstillingar og jobbar på prosjekt- og timebasis, der Skjåk Kommune er ansvarleg for det redaksjonelle innhaldet.

Det blir alt frå besøk hos dei ulike bedrifta i bygda, festivalar og kulturarrangement og innslag frå ulike opplevingar frå natur, mat, aktivitet og folk i Skjåk gjennom sommaren.

Innhaldet blir lagt ut fyrst og fremst på Instagram og TikTok, men det vil også bli lagt ut noko på andre plattformar og eit utval på heimesida til Skjåk Kommune.

Kommuneinfluensarane er eit av fleire tiltak Skjåk Kommune v/einheit for miljø- og samfunnsutvikling sett i gang for å synleggjere Skjåk og kva bygda har å by på av interessante moglegheiter, spesielt for ungdom og unge vaksne.

Vi i Skjåk ynskjer oss nemleg fleire innbyggarar! Skjåk kan by på interessante arbeidsplassar innafor ei breidde av ulike fag- og kompetansefelt, gode kommunale tenester og eit rikt fritidstilbod innafor kultur, idrett og naturopplevingar heile året. Kommunen arbeider aktivt med å synleggjere moglegheitene og leggje til rette for auka tilflytting, t.d. gjennom ulike samarbeid med næringsliv og forvaltning, og gjennom nye og innovative bustadprosjekt – "Prøvebu i Skjåk".

Vi i Skjåk Kommune ynskjer influensarane våre velkommen og håper dykk tek ungdommane vel i mot, når dei kjem på besøk rundt i bygda i sommar. 

For spørsmål/meir informasjon, ta kontakt med:

Næringssjef Sølvi Lemstad Hiller, mobil 91114550, e-post: solvi.lemstad.hiller@skjaak.kommune.no

Kontakt

Sølvi Lemstad Hiller
Næringssjef
Mobil 911 14 550