I fylgje konsesjonen for utbygging av Øvre Otta, Framruste, Øyberget og Breidalsoverføringa, får Skjåk kommune 85.000 kroner kvart år til tiltak som kjem inn under områda fiske, vilt og friluftsliv. Rauddalen i Skjåk Kraftutbyggingsfondet Midla skal fyrst og fremst brukast i dei område som er utbygde for å kompensere for skader og ulemper. Midla skal fortrinnsvis brukast til investeringstiltak. Søknaden skal innehalde Omtale av tiltaket Framdriftsplan Budsjett og finansiering Kven har nytte av tiltaket (tiltak som mange har nytte av vil bli prioritert) Retningsliner for bruk av fondet Retningsliner for kraftutbyggingsfondet – bunde driftsfond – for opphjelp av fisk/vilt/friluftsliv i Skjåk kommune Søknadsfrist 25. juni 2020. Send søknad til E-post: post@skjaak.kommune.no eller Postadresse: Skjåk kommune, Moavegen 30, 2690 Skjåk Publisert av Sigrun Eide Sist endret 20.05.2020 10.40