Skjåk legekontor tek i bruk kunstig intelligens - Skjåk kommune

Skjåk legekontor tek i bruk kunstig intelligens

For å forbetre dokumentasjonen av helsa di vil Skjåk legekontor frå starten av juli ta i bruk kunstig intelligens (KI) til journalføring. 

Slik fungerer det

Under konsultasjonen mellom legen og pasienten blir samtalen tatt opp. Dette gjer at legen ikkje treng å skrive journalnotatet samstundes, men kan konsentrere seg fullt ut om samtalen og pasienten. Etter konsultasjonen brukar verktøyet kunstig intelligens til å generere eit journalnotat basert på samtalen. Legen går deretter gjennom notatet, kontrollerer det, og kvalitetssikrar innhaldet før det vert lagt inn i pasientjournalen.

Fordelar for pasient og lege

Denne arbeidsmetoden har fleire klare fordelar:

  • Tidssparing: Legen sparar mellom to og ti minutt per pasient, noko som frigjer tid til fleire eller lengre konsultasjonar.
  • Meir nærvær: Legen kan rette all merksemd mot pasienten under samtalen utan å bli distrahert av skriving.
  • Auka nøyaktigheit: KI-verktøyet bidreg til ei meir presis gjengiving av det som blir sagt, både frå legen og pasienten.
  • Betre opplevd kvalitet: Pasientar opplever ei meir personleg og fokusert konsultasjon.

Pasientar som ønskjer det, kan reservere seg mot opptak. Det er likevel viktig å merke seg at dei då ikkje vil kunne dra nytte av fordelane knytt til denne metoden.

Tryggleik og personvern

Vi tek personvernet ditt på høgaste alvor. Opptaket av samtalen vert sletta straks journalnotatet er ferdigstilt, og all handtering av data skjer i tråd med europeisk personvernlovgjeving (GDPR).

Skjåk legekontor er stolte av å tilby denne teknologien for å tilby betre og meir moderne helsetenester. Vi ser fram til å hjelpe deg på ein meir effektiv og nærverande måte!

Kontakt

Eli Skjåk Teigum
Tenesteleiar/helsesjukepleiar
Telefon 61 21 70 00
Mobil 902 41 735

Tenesteleiar for helsestasjon, jordmor og legekontoret.