Skjåk TSL - Traktor, Sikkerheit og Landbruk - Temadag 11. juni i Botn aktivitetspark, Skjåk - Skjåk kommune

Skjåk TSL - Traktor, Sikkerheit og Landbruk - Temadag 11. juni i Botn aktivitetspark, Skjåk

Bilde av ungdom med hettegenser med skriften, Traktor, Sikkerheit, Landbruk på ryggen - Klikk for stort bilde M.Stensgård

Den 11. juni arrangerer Skjåk Ungdomsråd og Skjåk kommune ein temadag der traktor, sikkerheit og landbruk skal stå i fokus. Dette er eit opent arrangement, og alle som ynskjer kan komme!

NB:Vil du bli med i traktorparade til Botn? Avreise frå YX kl.10!

Skjåk TSL - Traktor, Sikkerheit og Landbruk - Temadag 11. juni i Botn aktivitetspark, Skjåk

Den 11. juni arrangerer Skjåk Ungdomsråd og Skjåk kommune ein temadag der traktor, sikkerheit og landbruk skal stå i fokus. Det er lagt opp til eit variert og lærerikt program for folk i alle aldrar.

Program for dagen:

Kl 11.15 Avreise frå Skjåk barne- og ungdomsskule Bismo med OKB buss (for dei som treng transport). Helge Skjåk er sjåfør.  Kl 12.00 Programmet startar ved Botn Motorsportbane i Skjåk. Botn Motorsportbane ligg i Framruste å tilhøyrar NMK Skjåk. Ca. 25km vest for kommunesenteret Bismo. (Sjå kart under)

  • Case der rundball blir slept ned på bil
  • Berging av dokke ut av bilen, ved Skjåk Brannvesen
  • Demonstrasjon av stråmann som viklar seg inn i kraftoverføringsaksel
  • Kva er ekstra utfordrande ved køyring av traktor og ATV?
  • Lastsikring
  • Quiz med premiering :-)
  • Kollisjonssimulator og VeltePetter
  • Gratis køyring med go-cart for alle!

Matservering

Kontakt

Lars Kurt Haugen
Driftsleiar veg, vatn og avløp
Telefon 453 12 890
Mobil 453 12 890