Det er mange som fortener ei merksemd. Har du sendt inn før og din kandidat ikkje har nådd opp, må du berre prøve på nytt. Kanskje lukkast det i år. Formannskapet avgjer kven som får prisen og Kultur- og oppvekstutvalet bestemmer kulturstipendet. Når det gjeld kulturstipendet kan det og søkjast på, og for all del ikkje ver redd for å søkje, fristen er 30. oktober.
Skjåkprisen 2019
Prisen skal vere ein honnør for utført verksemd som har betydd mykje for bygda og sett Skjåknamnet i fokus på ein positiv måte. Prisen skal femne vidt og kan tildelast innanfor område som:
- Kunst og kultur
- Idrett og fritid
- Handverk og industri
- Natur og miljø
- Samfunnsengasjement
- Næringsliv m.m.
Prisen kan delast ut til enkeltpersonar, grupper, organisasjonar eller verksemder. Kandidaten må bu/halde til i Skjåk eller på annan måte ha tilknyting til kommunen.
Skriftleg forslag på kandidatar med grunngjeving skal sendast til Skjåk kommune, Moavegen 30, 2690 Skjåk el. e-post: post@skjaak.kommune.no
Kulturstipend 2019
Siktemålet med stipendet er å hjelpe fram personar med evner/interesser på område innanfor det utvida kulturomgrepet. Det kan søkjast på stipendet, og det kan fremjast forslag på kandidatar til stipend. Kandidaten må bu/halde til i Skjåk eller ha anna tilknyting til kommunen. Skriftleg søknad/forslag med grunngjeving skal sendast til Skjåk kommune, Moavegen 30, 2690 Skjåk el. e-post: post@skjaak.kommune.no
Fristen for å sende inn forslag er 30.10.19
Informasjon om stad og tid for utdeling av pris og stipend kjem i løpet av hausten. Spørsmål kan også rettast til Skjåk kommune ved Kari Hånsnar på tlf: 991 62 602.