Søk om spelemidlar til idrett-, frilufts- og nærmiljøanlegg
Spelemidlar er overskot frå Norsk tipping. Målet med tilskotet er å skape moglegheit for å drive idrett og fysisk aktivitet. Kulturdepartementet fastset reglane for korleis overskotet skal fordelast, medan kommunen mottek og handsamar søknadane.
Du kan få tilskot til nye idrett-, frilufts og nærmiljøanlegg og til rehabilitering av eldre anlegg.
For å søkje om spelemidlar må anlegget vera ein del av kommunal plan for fysisk aktivitet og naturoppleving.
Frist for å melde inn til kommunen er 15. oktober.
Alle som søkjer tilskot må ha anlegget sitt registrert i Anleggsregisteret. Alle gamle søknadar må fornyast. Alle som søkjer spelemiddel må vera registrert i Enhetsregisteret og ha organisasjonsnummer. Meir informasjon og søknadsskjema finn du på anleggsregisteret.no
Kven kan søkje?
- Idrettslag og organisasjonsledd knytt til Norges idrettsforbund
- Samanslutningar organisert under Norges Jeger- og Fiskerforbund, Den Norske Turistforening, Norges Bilsportforbund og Det Frivillige Skyttervesen.
- Kommunar og fylkeskommunar.
- Velforeiningar og burettslag kan søkje om midlar til nærmiljøanlegg
For meir informasjon sjå anleggsregisteret.no