Søk om spelemidlar til idrett-, frilufts- og nærmiljøanlegg

Skateparken i Skjåk - Klikk for stort bilde Skjåk kommune

Du kan få tilskot til nye idrett-, frilufts og nærmiljøanlegg og til rehabilitering av eldre anlegg. Frist for å melde inn til kommunen om anlegg som skal søkje om spelemidlar er 15. oktober. 

Søk om spelemidlar til idrett-, frilufts- og nærmiljøanlegg

Spelemidlar er overskot frå Norsk tipping. Målet med tilskotet er å skape moglegheit for å drive idrett og fysisk aktivitet. Kulturdepartementet fastset reglane for korleis overskotet skal fordelast, medan kommunen mottek og handsamar søknadane. 
Du kan få tilskot til nye idrett-, frilufts og nærmiljøanlegg og til rehabilitering av eldre anlegg. 
For å søkje om spelemidlar må anlegget vera ein del av kommunal plan for fysisk aktivitet og naturoppleving.  

Frist for å melde inn til kommunen om anlegg som skal søkje om spelemidlar, er 15. oktober.

Alle som søkjer tilskot må ha anlegget sitt registrert i Anleggsregisteret. Alle gamle søknadar må fornyast. Alle som søkjer spelemiddel må vera registrert i Enhetsregisteret og ha organisasjonsnummer. Meir informasjon og søknadsskjema finn du på anleggsregisteret.no

Kven kan søkje?

  • Idrettslag og organisasjonsledd knytt til Norges idrettsforbund
  • Samanslutningar organisert under Norges Jeger- og Fiskerforbund, Den Norske Turistforening, Norges Bilsportforbund og Det Frivillige Skyttervesen.
  • Kommunar og fylkeskommunar.
  • Velforeiningar og burettslag kan søkje om midlar til nærmiljøanlegg

For meir informasjon sjå anleggsregisteret.no

Kontakt

Marianne Stensgård
Kultur og omdømme
Telefon 61 21 70 00
Mobil 909 41 702