Sortering av hushaldningsplast

F.o.m. mars 2018 blir det lagt til rette for å levera plastavfall i eigne sekkar til miljøstasjonen. 

Det meste er no klart for at husstandar i norddalen skal kunne levere emballasjeplast, melder NGR. I hentekalenderen for Lom og Skjåk finn du nærare informasjon.

Kva kan leverast og kva skal ikkje vere med?

I vedlagt informasjonsbrosjyre viser dei kva som skal sorterast og kva som ikkje skal vere med. Denne informasjonsbrosjyra blir også sendt ut til alle husstandar i løpet av veke 7. Meir utfyllande informasjon om ordninga ligg på NGR sine nettsider.

Kva skal du samle plasten i?

Det skal brukast særskilde 140L sekkar. (Den grå, vanlege restavfallsekken skal ikkje brukast) 

Kor får du tak i sekkar?

Dei som ønskjer å delta i ordninga, må sjølve hente sekkar anten i servicetorget eller på miljøstasjonen. NGR skal no til å køyre ut sekkar til kommunehusa, så du kan gjerne vente nokre dagar før du etterspør sekkane. 

Sekkane blir delt ut gratis.

Kvar abonnent får 1 rull med 12 sekkar. Til hausten vil desse sekkane bli køyrd ut saman med ordinære restavfallsekkar.

Kva med bedriftar?

Ordninga gjeld for hushaldningar. Bedrifter har andre ordningar og bedriftskunder blir bede om å ta direkte kontakt med NGR.