Ståk i Skjåk er ei brei mønstring av lokalt nærings-, organisasjons- og kulturliv. Målet er at alle – både eigne innbyggjarar og tilreisande, unge som gamle - skal finne noko interessant å delta på. Velkomne til Ståk i Skjåk: Her brukar det å vere mykje folk, god stemning og fint vêr. Ståk i Skjåk for 13. gong i 2019 Arrangementet har vore ein flott tradisjon i mange år. Målet er at handelstand, anna næringsliv, samt lag og foreiningar får moglegheit til å vise seg fram og syne kva bygda har å by på. Ståk i Skjåk er ein marknad med lokale produkt. Dokkevogn- og tråtraktorparaden er av dei faste høgdepunkta. Ståk i Skjåk blir til på dugnad Har du/di bedrift/lag/organisasjon noko dykk ønskjer å bidra med? Send e-post til: info@skjaak.kommune.no Publisert av Sigrun Eide Sist endret 11.03.2019 15.16