Takk for meg! - Skjåk kommune

Takk for meg!

    

Hjerteleg takk for samarbeidet

Så er kontoret rydda. Snart flyttar ny ordførar inn. Vemodig? Ja, det er det. Men ein ordførar varer aldri evig, veit du. Slik skal det heller ikkje vera. Vervet er på lån.
Slik heilt på tampen vil eg nytte høvet til å takka sambygdingane for samarbeidet. For meg har dette vore ei fin reise. Eg har vorte enda betre kjent med folket i den flotte bygda vår. Og etter fire år som ordførar har eg vorte enda meir stolt over å bu i Skjåk. Vi har det utruleg godt. I den store samanhengen har vi lite å klage over, vi som bur Skjåk. Når alvorlege hendingar råkar oss, har vi ein fantastisk god eigenskap til å ta vare på kvarandre. 
Eg vil særleg takke administrasjonen i Skjåk kommune, ja, alle tilsette. Det er når ein kjem på innsida av organisasjonen ein ser det solide arbeidet som blir gjort. Det politiske samarbeidet har også fungert svært godt. Sjølv om vi ikkje har vore heilt einige støtt, har vi fellesskap kome fram til gode løysingar.  
Om eg forlet ordførarstolen, forsvinn eg ikkje heilt. Nå ser eg fram til nye fire år som representant i kommunestyret. Det blir sikkert noko å bauke med framover også. Det får vi ta etter kvart.

Så noko ein gong; takk, sambygdingar!

Med hjerteleg helsing frå Elias