Taksering av elgbeite i Skjåk

Vinterbeite for elg i Skjåk vart taksert sumaren 2017. Beitetaksering skal i fyrste rekke gi ei oversikt over elgen sin beitetilgang og utnytting av beitet.

Vinterbeite for elg i Skjåk vart taksert sumaren 2017. Beitetaksering skal i fyrste rekke gi ei oversikt over elgen sin beitetilgang og utnytting av beitet. I taksten blir beitegrad på elgen sine viktigaste beiteplanter vinterstid vurdert. Målet er å finne ut kor høgt beitepresset er og om det er tilstrekkeleg beitetilgang i høve til bestandsstorleik. Elgen sitt vinterbeite inneheld ulike trer og busker, men er i Skjåk dominert av furu, ROS (rogn, osp, selje) og bjørk. Blåbærlyng blir beita om det er tilgjengeleg.  Elgen har ulike preferansar når det gjeld beiteplantar, mykje beiting på mindre prefererte planter tyder eit hardt beitepress. Den dominerande indikatorarten i taksten var furu. Uttaket av furukvist låg over kritisk beitenivå (35 % beiteuttak) ved 16 av 44 bestand, sjå figur under.

Sjølv om beitenivået på furu i gjennomsnitt er under kritisk nivå, er det mange bestand i Skjåk der beitenivået er over. Dette gir negative effektar på fôrproduksjon og kostnader i skogproduksjonen. ROS-artane er overbeita, dersom ein skal redusere beitetrykket på desse må ein redusere beitetrykket på furu og bjørk. Med lågare beitepress blir det mindre konkurranse om dei beste beiteplantene. Vinterbestanden av elg i Skjåk er større enn ynskjeleg med tanke på ROS-artane og nokre bestand med furu. Den er også for stor med tanke på trafikkpåkjørslar og beiteskader på åker og eng.

Figuren syner beiteuttak av furu i kvart einskild bestand. Raud strek syner kritisk beitenivå, 35 %.

Kontakt

Tor Taraldsrud
Naturforvaltar
Telefon 61 21 70 00
Mobil 481 90 145