Tea Kummen 125 år - Skjåk kommune

Tea Kummen 125 år

I 2018 er det 125 år sidan den allsidige forfattaren og læraren Tea Kummen (17.8.1893 – 30.1.1979) vart fødd. På ein markant måte braut ho med kjønns- og alderskonvensjonar i si samtid.

Tea Kummen med løvsaga Skjåk Historielag

Kven var Tea?

• Ho var fødd og oppvaksen på garden Kummen i Reppen i Skjåk, og budde der det meste av sitt vaksne liv. 

• Ho gjekk  lærarskulen på Hamar, før ho tok vidareutdanning på Noregs lærarhøgskule. 

• Ho var tilsett ved Marlo skule i Skjåk frå 1916 til 1944. Ho underviste mest i småskulen på 3. og 4. klassetrinn.

• Ho var oppteken av likestilling. I 1928 vart det stilt eiga kvinneliste til kommunevalet i Skjåk. 

• Ho gjekk sterkt inn for målsaka, og var ein betydningsfull aktør i språkskiftet til nynorsk i Skjåk. Ho skreiv alltid på nynorsk, og var ei ihuga talskvinne for målsaka.

• Ho var medlem av det fyrste styret i Skjåk Historielag som vart stifta i 1932.

• Ho var ein ivrig snikkar og treskjerar. 

• Før krigen bygde ho seg hytte ved Pollvatnet i Billingsdalen i Skjåk som var nokså mykje eigenhendig.

• I 1953 vart ho den fyrste kvinnelege eleven ved handverksskulen Hjerleid på Dovre, som hospitant på snikkaravdelinga.

• Ho tok snikkarutdanning da ho var 60 år gammal.

• Ho var musikalsk. Ho hadde ei vakker songrøyst, og underheldt gjerne ved ymse tilstellingar. Ho spela også fele og langleik og tangentinstrument til skulebruk.

Tea Kummen Skjåk Historielag Den litterære produksjonen til Tea inneheld m.a.  fire barnebøker. Elles skreiv ho mykje i Norsk barneblad. For vaksne skreiv ho ein del lokal- og kulturhistoriske stykke. I bygdeboka som kom ut til kommunejubileet for Skjåk i 1966, har Tea ei utgreiing om utvandringa frå Skjåk til Bardu og Målselv. 

Ei markering under Diktardagar 2018
I år er barnelitteratur eit tema under diktardagane. Det skal vere ei markering av  at det er 125 år sidan Tea Kummen vart fødd med eit arrangement på Marlo skule. Her er Endre Skjåk hyra inn til opplesing og song. Det blir også stilt ut bøker av Tea, treskjeringsprodukt som Tea har laga og nokre av instrumenta hennar.