Til aktuelle næringsdrivande i Skjåk og interessentar

Statens Vegvesen har utlyst ein søknad for drivarar av døgnkvileplass ved Rv15, og Skjåk kommune inviterer til eit ope møte i kommunestyresalen fredag 12. januar.

Døgnkvileplass ved riksveg 15 i Skjåk?

Statens Vegvesen har utlyst søknad for drivarar av døgnkvileplass ved riksveg 15.  Full informasjon finn ein på nettsida til Statens vegvesen

Tilbodsfristen i Doffin er 21.3.24.

Dette kan vere ein spennande moglegheit for Skjåk.  Vi vil gjerne legge til rette for ein god prosess for aktuelle søkjarar.  Vi inviterer difor til eit ope møte i Kommunehuset (Kommunestyresalen).

  • Tidspunkt:  fredag den 12. januar kl. 14-16.
  • 14-15: FELLES info og diskusjon
  • 15-16: individuelle samtaler for dei som ynskjer

Frå Skjåk kommune stiller: 

  • Kommunalsjef Roger Johansen
  • Næringssjef Sølvi L. Hiller 
  • Representant frå plankontoret (TBA) 

Den fyrste timen frå 14-15 blir i fellesskap, den siste held vi open for individuelle samtaler, om nokon ynskjer det. Send gjerne inn spørsmål til oss før møtet, så vi betre kan førebu oss.  

Kjenner du til nokon som dette kan vere aktuelt for, sett vi pris på om dykk formidlar invitasjon og informasjon vidare. 

Fint om dykk gjev attendemelding om dykk kjem til næringssjefen.

Kontakt

Roger Johansen
Kommunalsjef
Telefon 415 13 687
Sølvi Lemstad Hiller
Næringssjef
Mobil 911 14 550