Bakgrunn for revisjonen
Næringsfondet er eit viktig verkemiddel for å støtte opp under næringsutvikling i Skjåk. For å sikre at fondet også i framtida er treffsikkert og relevant, har kommunen sett i gang ein revisjon av vedtektene. Bakgrunnen er eit behov for å tilpasse fondet til dagens utfordringar og utviklingstrekk – som mellom anna gjeld demografi, bustadmarknad, tilgang på arbeidskraft og investeringskapital, samt klima- og miljøkrav.
Om prosessen
Arbeidet med revisjonen har vore grundig og involverande. Gjennom fire arbeidsmøte med politiske utval og representantar frå næringslivet har vi drøfta mål, struktur og innretning for fondet. Prosessen har inkludert vurderingar av utfordringsbiletet i Skjåk, diskusjonar om framtidige behov, og utvikling av meir målretta ordningar for tildeling av støtte. Partigruppene i kommunestyret har også fått høve til å kome med innspel før utkastet vart ferdigstilt.
Vedlegg