Varsel om skredfare og sterk vind i Skjåk kommune - Skjåk kommune

Varsel om skredfare og sterk vind i Skjåk kommune

Dei neste dagane er det meldt mykje nedbør og sterk vind, noko som kan auke faren for skred i utsette område. 

Varsel om skredfare og sterk vind

Dette gjeld både snø-, jord-, sørpe- og flaumskred. Fjellovergangen på riksveg 15 mellom Skjåk og Stryn er nå stengt grunna fare for snøskred. I trafikkmeldinga frå States vegvesen er berekna sluttid for stenginga sett til  06.03.2025 kl. 16.00, men det usikkert når vegen blir opna att.

Vi oppmodar alle til å ta naudsynte forholdsreglar, sikre lause gjenstandar og følgje med på oppdateringar frå NVE, Meteorologisk institutt og Statens vegvesen. Unngå ferdsel i bratte fjellsider og nær elvar og bekkar som kan fløyme over. Ta deg ei runde i hagen og nærområdet, for å rydde stikkrenner, kummer og andre vannvegar fri for grus, søppel, kvist og lauv. Det kan og vere lurt å lade mobilar og anna elektronisk utstyr.

https://www.varsom.no/