Sundag 14. oktober
Kl 08:46 - sundag 14. oktober
Vi ber alle som er tilknytta Aurmo og Uppnose vassverk om å vere moderate ved bruk av vatn, vassverket er midlertidig stengt grunna stor vassføring.
Kl 09:00 - sundag 14. oktober
Vi ber alle som har privat brønn om å koke drikkevatnet.
Kl 09:14 - sundag 14. oktober
Stengde vegar og bruer i Skjåk grunna høg vassføring:
- Marlosbrua
- Skjølabrua
- R15 ved Nordberg S-lag
- R 15 ved Cirkle K i Nordberg
- Jøingslie - sør for Nordberg skule
Kl 10:10 - sundag 14. oktober
Du som har mykje vatn i eller rundt huset ditt og ynskjer å forlate heimen, kan møte på Skjåk Turistheim.
Kl 10:25 - sundag 14. oktober
Vi åtvarar folk mot å opphalde seg nær elvar og vassdrag.
Kl 10:35 - sundag 14. oktober
Vi ber alle i Skjåk kommune om å koke drikkevatnet.
Kl 11:05 - sundag 14. oktober
Oppdatering om stengde vegar og bruer i Skjåk grunna høg vassføring:
- Marlosbrua
- Skjølabrua
- R15 ved Nordberg S-lag
- R15 ved Circle K i Nordberg
- Jøingslie - sør for Nordberg skule
- Det er regulert trafikk ved Skamsarbrue
- R 15 aust for Bismo er stengd
Kl 11:10 - sundag 14. oktober
Riksveg 15 er stengd. Kun nødetatar kjem fram.
Kl 11:35 - sundag 14. oktober
Til deg som må evakuere heimen: Folk med husdyr (hundar, kattar) kan møte på Mogard. Alle andre møter opp på Skjåk Turistheim. Begge stader fungerer som evakureringssenter.
Kl 12:50 - sundag 14. oktober
Flaum skapar problem for straumnettet i Skjåk.
For informasjon om ev. straumbrot, sjå nettsidene til Skjåk Energi: http://www.skennett.no/driftsmeldingar/
Kl 13:00 - sundag 14. oktober
Eit politihelikopter vil no ta ein runde rundt om i Skjåk for å kartleggje omfanget av flaumen.
Kl 13:25 - sundag 14. oktober
Alle som har evakuert frå heimane sine grunna flaumen, skal melde frå til:
- politiet på tlf 477 99 509.
Kl 14:20 - sundag 14. oktober
Heimesjukepleia er ute for å utføre sine oppdrag som vanleg, men vi må rekne med dei er forsinka i høve til vanleg tidsplan. Ved behov for akutt hjelp, ring tlf 113.
Kl 16:30 - sundag 14. oktober
Eit bilete frå flaumen i dag. Foto: Politihelikopteret.

Kl 18:30 - sundag 14. oktober
I morgon, måndag 15. oktober, vil barnehagane og skulen i Skjåk vere stengt.
Grunna flaumen og stengde vegar er situasjonen i Skjåk sundag kveld så uoversiktleg at kristestaben i kommunen har bestemt at skule, SFO og barnehagane skal vere stengt måndag 15. oktober.
Barnehagane vil vere bemanna, men dei er KUN ope for dei som må på arbeid for å sikre liv og helse i bygda.
Det vil vere folk på skulen måndag morgon.
Kl 19:20 - sundag 14. oktober
Politiet har innført droneforbod i Skjåk og Lom grunna evakuering.
Kl 20:20 - sundag 14. oktober
Vi åtvarar alle til å halde seg unna elvekanten no når elva truleg vil trekkje seg tilbake. Det er fare for at elvekanten/skråninga kan rase ut.
Kl 20:55 - sundag 14. oktober
Heimesjukepleia i Lom kan bistå heimesjukepleia i Skjåk. Pasienter som treng medisin tek kontakt med legevakt.
Telefonnummer legevakt: 116117
Kl 21:15 - sundag 14. oktober
Melding frå NAV
NAV Lom og Skjåk må stengje kontoret inntil vidare grunna flaumen.
Ved behov for kontakt med oss, ring tlf. 55 55 33 33 eller gå inn på www.nav.no.
Ved krise, ring tlf. 90 11 29 84.
Vi oppdaterer på kommunane sine heimesider om utviklinga framover.
Helsing oss på NAV Lom og Skjåk
Oppdatering (natt til) måndag 15. okt
kl.01:00
Fleire bruer i Skjåk er stengt.
- Fv 483 Vollungsbru - Marlo - Ramstadstrond -Reppen: strekning open, men Marlo bru er ødelagt og stengt.
- Fv 484 stengt, men kan få køyre over Skjølabrue
- Fv 485 Jøingslie stengt
- Fv 486 Bråtå stengt
- Rv15 stengt ved Vollungsbrua og Forbergsgardene
- Rv 15 Bismo - Skamsarbrua åpen
- Rv15 Skamsarbrua til Dønnfoss bru er stengt
Det blir sett vakt frå sivilforsvaret ved Vollungsbru, Skamsarbru, Skjølabru og gamle Vollungsbru. Helsepersonell kan passere.
Sota: Dyringsbrua er øydelagt.
Kl. 03:00
Det er no meldt inn utvida forbod mot bruk av droner i Lom Kommune og Skjåk kommune med helikoptertrafikk i både hovuddalføret samt sidedalar. Det er planlagt auka helikopteraktivitet frå måndag morgon i heile området. Forbodet gjeld no fram til tysdag klokka 10.00.
Kl. 04:20
I fylgje Sivilforsvarets siste målingar kl.04.20, er vannstanden i Ottaelva ved Bismo fortsatt det samme som målingar frå kl 23.30.
Kl. 05:00
Folk som kjem retning Lom og skal til Reppen/Ramstastrond kjem gjennom og over Vollungsbrua (rv15), og tilsvarande folk som skal heim andre vegen.