Skjåk kommune tilbyr innbyggjarane å kople seg på det kommunale vatn- og avlaupsnettet for berre 1 krone 2025. Dette er sælig aktuelt nå i samband med utbygginga av VA-traseen mellom Uppnose vassverk og Dønfoss, med mål om å få fleire husstandar til å bruke det kommunale leidningsnettet for vatn og avløp.
Tilbodet gjeld kun bustader.
Grunnen til dette tiltaket er utfordringar knytt til sjølvkostområde, der få abonnentar gjer det vanskeleg å fordele kostnadene for drift. (Sjølvkostområde vil seie at gebyrinntektene skal dekke kostnadane knytt til drift av vatn- og avløpsanlegget) For å gjere det meir attraktivt har kommunestyret vedteke å redusere tilknytingsgebyret til 1 krone for vatn og 1 krone for avløp. Vanleg pris er 12.500 kroner x 2. Altså ein innsparing på totalt kr. 25 000.
Da gebyr ikkje kan vere gratis og reduksjonen må gjelde heile kommunen, er dette ei felles satsing utan tilbakeverkande kraft som gjeld for 2025, og kun geld i område der kommunen har vassverk i dag. Kommunen oppmodar innbyggjarane til å nytte høvet, spesielt langs den nye traseen, då framtidige krav til private avløpsanlegg vil bli strengare. VA-traseen mellom Uppnose og Dønfoss er venta ferdigstilt i april 2025.
Tabell Vatn og avløp. Kommunale gebyr, 2025.