Velkomen til Babysong
Lom Friviljugsentral inviterer til Babysong kvar tysdag kl. 10.00 frå 29. oktober til 17. desember. Kurset blir leia av Ranveig Henriksen Bøhle og er for born mellom 6 og 12 månader. Her får dei minste oppleve song, musikk og rytmar i ei trygg og god ramme.
Eigenbetaling er kr. 575,- , og etter babysongen blir det småbarnskafé.
Påmelding
Påmelding til: ranveig.henriksen.bohle@skjaak.kommune.no eller på tlf. 911 39 020.
Velkomen til ei hyggeleg stund for deg og barnet ditt!
Lom og Skjåk friviljugsentral