Vellykka oppstart på Friluftslivets år 2025 i Skjåk
Laurdag 18. januar gjekk startskotet for Friluftslivets år 2025, og det vart markert med arrangementet "Heile Noreg bålar" ved dagsturhytta i Bismo. Mange tok turen for å oppleve fellesskap rundt bålet, der både store og små fann noko å glede seg over.
DNT Gudbrandsdalen, Skjåk Jeger- og Fiskarlag og Skjåk kommune stod som arrangørar og skapte ramma rundt dagen. Dei frammøtte fekk ukrainsk borsch, nasjonalretten i Ukraina, nysteikte vaflar og kaffe. Dei yngste laga seg popkorn på bålet i småe popcorn popparar. Dette vart svært populært!
Arrangementet sette tonen for eit år der friluftslivet skal feirast over heile landet, og oppmøte nå på laurdag viser at interessa for naturen og det enkle friluftslivet står sterkt i Skjåk.
Tusen takk til alle som møtte opp og gjorde dette til ein triveleg dag!

Sist endret 21.01.2025 12.49