Vikariat ved landbrukskontoret i Lom og Skjåk - Skjåk kommune

Vikariat ved landbrukskontoret i Lom og Skjåk

Vil du vere med og utvikle landbruket i kommunane vår? Vi søkjer ein engasjert og kunnskapsrik medarbeidar til ei spennande og variert stilling ved landbrukskontoret.

Ledig vikariat ved landbrukskontoret

Lom og Skjåk kommunar har etablert felles landbruksteneste med kontor i Skjåk. Det er ledig vikariat som rådgjevar i 100 % stilling. Vikariatet er for tida innan landbruk og er ledig frå dags dato med oppstart etter nærare avtale.  Vikariat er fram til og med 30.04.2026, men med mogleg forlenging. Stillinga inngår i eit tverrfagleg team som arbeider med landbruksforvaltning og berekraftig ressursforvaltning.

Arbeidsoppgåver

  • Saksbehandling innan jord- og skogbruk, tilskotsordningar og jordlovsaker
  • Oppfølging av miljø- og klimatiltak i landbruket
  • Deltaking i utviklingsprosjekt og samarbeid med regionale aktørar
  • Bidra til god dialog mellom kommunen og landbruksnæringa

Kvalifikasjonar

  • Utdanning innan landbruk, naturforvaltning eller tilsvarande
  • Erfaring frå offentleg forvaltning og/eller landbruksnæringa er ein fordel
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Gode samarbeidsevner og serviceinnstilling
  • Førarkort klasse B

Vi tilbyr

  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
  • Pensjonsordning i KLP
  • Ei meiningsfull stilling med stor samfunnsverdi
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Kontorplass i Bismo

Spørsmål om stillinga kan rettast til Erling Dagsgard, landbrukssjef, telefonnummer: 90 99 94 96, e-post: erling.dagsgard@skjaak.kommune.no

Søknadsfrist 13. juli

Kommunedirektøren

Kontakt

Erling Dagsgard
Jordbrukssjef / Lom og Skjåk landbrukskontor
Mobil 909 99 496